Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Krønikebok 30:15-27 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

15. Så slakta dei påskelammet den fjortande dagen i den andre månaden. Prestane og levittane var skamfulle, og dei helga seg og kom med brennoffer til Herrens hus.

16. Dei stod på plassane sine, slik det var føreskrive i lova til gudsmannen Moses. Og prestane stenka blodet som levittane gav dei.

17. Det var mange i forsamlinga som ikkje hadde helga seg. Difor slakta levittane påskelamma for alle som ikkje var reine, for å helga dei til Herren.

18. For ein stor del av folket, mange frå Efraim, Manasse, Jissakar og Sebulon, hadde ikkje reinsa seg. Likevel åt dei påskelammet, i strid med forskriftene. Hiskia bad for dei og sa: «Herren er god, han vil gje forsoning

19. til kvar den som av heile sitt hjarte søkjer Gud Herren, sine fedrars Gud, sjølv om han ikkje oppfyller krava som gjeld for reinleik i heilagdomen.»

20. Og Herren høyrde bøna til Hiskia og lækte folket.

21. Israelittane som var i Jerusalem, feira høgtida med usyra brød i sju dagar med stor glede. Og levittane og prestane lova Herren av all kraft dag etter dag.

22. Hiskia rosa alle dei levittane som hadde vist god forstand i Herrens teneste. I sju dagar feira dei høgtida. Dei slakta fredsoffer og takka Herren, sine fedrars Gud.

23. Men så vart heile forsamlinga samd om å halda høgtid endå i sju dagar. Desse sju dagane feira dei òg med glede.

24. Hiskia, kongen i Juda, gav forsamlinga tusen oksar og sju tusen sauer, og stormennene gav tusen oksar og ti tusen sauer. Og ei mengd med prestar helga seg.

25. Heile Juda-forsamlinga gledde seg saman med prestane og levittane og alle som var komne saman frå Israel. Det gjorde innflyttarane òg, anten dei var komne frå Israel eller dei budde i Juda.

26. Gleda var stor i Jerusalem, for noko slikt hadde ikkje hendt i Jerusalem sidan den tid då Salomo, son til David, var konge i Israel.

27. Prestane og levittane reiste seg og velsigna folket. Røysta deira vart høyrd, og bøna deira nådde opp til himmelen, til hans heilage bustad.

Les hele kapitlet 2. Krønikebok 30