Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Krønikebok 30:13-21 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

13. Det samla seg mykje folk i Jerusalem for å feira høgtida med usyra brød i den andre månaden. Det vart ei svært stor forsamling.

14. Dei gjekk i gang med å fjerna dei altara som fanst i Jerusalem. Og alle røykjelsesaltara tok dei og kasta i Kedron-dalen.

15. Så slakta dei påskelammet den fjortande dagen i den andre månaden. Prestane og levittane var skamfulle, og dei helga seg og kom med brennoffer til Herrens hus.

16. Dei stod på plassane sine, slik det var føreskrive i lova til gudsmannen Moses. Og prestane stenka blodet som levittane gav dei.

17. Det var mange i forsamlinga som ikkje hadde helga seg. Difor slakta levittane påskelamma for alle som ikkje var reine, for å helga dei til Herren.

18. For ein stor del av folket, mange frå Efraim, Manasse, Jissakar og Sebulon, hadde ikkje reinsa seg. Likevel åt dei påskelammet, i strid med forskriftene. Hiskia bad for dei og sa: «Herren er god, han vil gje forsoning

19. til kvar den som av heile sitt hjarte søkjer Gud Herren, sine fedrars Gud, sjølv om han ikkje oppfyller krava som gjeld for reinleik i heilagdomen.»

20. Og Herren høyrde bøna til Hiskia og lækte folket.

21. Israelittane som var i Jerusalem, feira høgtida med usyra brød i sju dagar med stor glede. Og levittane og prestane lova Herren av all kraft dag etter dag.

Les hele kapitlet 2. Krønikebok 30