Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Krønikebok 3:9-17 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

9. Spikrane var av gull og vog femti sjekel. Loftsromma kledde han òg med gull.

10. I Det høgheilage laga han to utskorne kjerubar som vart dekte med gull.

11. Vengene på kjerubane var til saman tjue alner lange. Den eine kjeruben hadde ein veng som var fem alner lang og rakk bort til tempelveggen. Den andre vengen var òg fem alner og rørte ved vengen til den andre kjeruben.

12. Den andre kjeruben hadde òg ein veng som var fem alner lang og rakk bort til veggen. Den andre vengen var òg fem alner og rørte ved vengen til den første kjeruben.

13. Dei utstrekte vengene til desse kjerubane var altså i alt tjue alner. Kjerubane stod oppreiste på føtene med andleta vende mot tempelhallen.

14. Så laga han forhenget av purpurblått, purpurraudt og karmosinraudt stoff og av fint lin, og han sette kjerubar på det.

15. Framfor tempelet laga han to søyler; dei var trettifem alner lange, og søylehovudet var fem alner høgt.

16. Han laga lenkjer som likna halskjeder, og sette dei øvst på søylene. Så laga han hundre granateple som han feste til kjedene.

17. Sidan reiste han søylene framfor tempelet, ei på høgre og ei på venstre sida. Den til høgre kalla han Jakin og den til venstre Boas.

Les hele kapitlet 2. Krønikebok 3