Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Krønikebok 3:1-5 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Så tok Salomo til å byggja Herrens hus i Jerusalem, på Moria-fjellet, der Herren hadde synt seg for David, far hans, på den staden David hadde gjort i stand, på treskjeplassen til jebusitten Ornan.

2. Han tok til med bygginga i den andre månaden i det fjerde styringsåret sitt.

3. Dette er måla Salomo fastsette då han skulle byggja Guds hus: Lengda var seksti alner og breidda tjue alner etter gammalt mål.

4. Forhallen som låg framfor tempelet, var tjue alner lang, svarande til breidda på huset, og høgda var hundre og tjue. Han kledde hallen med reint gull innvendig.

5. Sjølve tempelbygningen kledde han med sypresstre som han la fint gull over og sette palmar og kjeder på.

Les hele kapitlet 2. Krønikebok 3