Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Krønikebok 29:6-19 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

6. For fedrane våre har vore trulause. Dei har gjort det som vondt er i Herrens auge, og forlate han. Dei har vendt andletet bort frå Herrens bustad og snudd ryggen til.

7. Dei har jamvel stengt dørene til forhallen og sløkt lampene, og dei har ikkje brent røykjelse. Dei har heller ikkje bore fram brennoffer i heilagdomen for Israels Gud.

8. Difor er Herrens harme komen over Juda og Jerusalem. Han har gjeve dei over til redsle, øydelegging og spott, som de ser med eigne auge.

9. Sjå, difor er fedrane våre falne for sverd, og sønene og døtrene og konene våre er i fangenskap.

10. No ligg det meg på hjartet å gjera ei pakt med Herren, Israels Gud, så den brennande vreiden hans kan venda seg frå oss.

11. Ver no ikkje likesæle, sønene mine! For dykk har Herren valt ut til å stå for hans andlet og tena han, til å vera tenarane hans og brenna røykjelse.»

12. Då stod desse levittane fram: av Kehat-sønene Mahat, son til Amasai, og Joel, son til Asarja; av Merari-sønene Kisj, son til Abdi, og Asarja, son til Jehallelel; av Gersjon-sønene Joah, son til Simma, og Eden, son til Joah;

13. av Elisafan-sønene Sjimri og Je'uel; av Asaf-sønene Sakarja og Mattanja;

14. av Heman-sønene Jehuel og Sjimi; av Jedutun-sønene Sjemaja og Ussiel.

15. Då dei hadde samla brørne sine og helga seg, gjekk dei inn i Herrens hus for å reinsa det, som kongen hadde bode dei etter Herrens ord.

16. Så gjekk prestane inn i Herrens hus for å reinsa det. Alt ureint som dei fann i Herrens tempel, bar dei ut i føregarden. Der tok levittane imot det og førte det ut til Kedron-dalen.

17. Den første dagen i den første månaden tok dei til med vigslinga, og den åttande dagen var dei komne til Herrens forhall. Så helga dei tempelet i åtte dagar, og den sekstande dagen i den første månaden var dei ferdige.

18. Då gjekk dei inn til kong Hiskia og sa: «Vi har reinsa heile Herrens hus, brennofferaltaret med alt som høyrer til, og skodebrødsbordet med alt som høyrer til.

19. Vi har sett i stand og helga alt det utstyret som Ahas i si truløyse fjerna då han var konge. No står det på plass ved Herrens altar.»

Les hele kapitlet 2. Krønikebok 29