Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Krønikebok 29:4-10 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

4. Så lét han prestane og levittane koma, og han samla dei på den opne plassen i aust.

5. Han sa til dei:«Høyr på meg, de levittar! No skal de helga dykk sjølve og helga huset til Herren, dykkar fedrars Gud, og få ureinskapen ut or heilagdomen!

6. For fedrane våre har vore trulause. Dei har gjort det som vondt er i Herrens auge, og forlate han. Dei har vendt andletet bort frå Herrens bustad og snudd ryggen til.

7. Dei har jamvel stengt dørene til forhallen og sløkt lampene, og dei har ikkje brent røykjelse. Dei har heller ikkje bore fram brennoffer i heilagdomen for Israels Gud.

8. Difor er Herrens harme komen over Juda og Jerusalem. Han har gjeve dei over til redsle, øydelegging og spott, som de ser med eigne auge.

9. Sjå, difor er fedrane våre falne for sverd, og sønene og døtrene og konene våre er i fangenskap.

10. No ligg det meg på hjartet å gjera ei pakt med Herren, Israels Gud, så den brennande vreiden hans kan venda seg frå oss.

Les hele kapitlet 2. Krønikebok 29