Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Krønikebok 29:23-36 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

23. Sidan leidde dei syndofferbukkane fram for kongen og forsamlinga. Dei la hendene sine på dei.

24. Prestane slakta dei og bar fram blodet til altaret som eit syndoffer, til soning for heile Israel. For kongen hadde sagt at brennofferet og syndofferet skulle vera for heile Israel.

25. Så lét han levittane stilla seg opp i Herrens hus med symbalar, harper og lyrer, som David og Gad, sjåaren til kongen, og Natan, profeten, hadde bode. For det var Herren sjølv som hadde gjeve dette påbodet gjennom profetane sine.

26. Så stod då levittane der med musikkinstrumenta til David, og prestane med trompetar.

27. Då baud Hiskia at brennofferet skulle berast fram på altaret. Og med det same ofringa tok til, sette songen for Herren og trompetane i, saman med instrumenta til David, Israels konge.

28. Heile forsamlinga bøygde seg og tilbad medan songen ljoma og trompetane klang, og det heldt ved til ofringa var slutt.

29. Då dei var ferdige med ofringa, fall dei på kne og tilbad, både kongen og alle som var saman med han.

30. Så baud kong Hiskia og stormennene at levittane skulle lovsyngja Herren med ord av David og sjåaren Asaf. Og dei song lovsongar med stor glede og bøygde seg ned i tilbeding.

31. Då tok Hiskia til orde og sa: «De har no vigd dykk til Herren. Kom, ber fram slaktoffer og takkoffer til Herrens hus!» Og forsamlinga kom med slaktoffer og takkoffer, og alle som hadde eit villig hjarte, kom med brennoffer òg.

32. Talet på dei brennoffera som forsamlinga bar fram, var sytti oksar, hundre vêrar og to hundre lam. Alt dette var til brennoffer for Herren.

33. Dei andre heilage offergåvene var seks hundre oksar og tre tusen sauer.

34. Men prestane var for få til å flå alle brennofferdyra. Difor fekk dei hjelp av levittane, brørne sine, til arbeidet var fullført og alle prestane hadde helga seg. For levittane hadde helga seg av eit oppriktig hjarte, meir enn prestane.

35. Attåt den store mengda med brennoffer kom feittet av fredsoffera og drikkoffera som høyrde brennoffera til. Såleis kom tenesta i Herrens hus i rett skikk.

36. Hiskia og heile folket gledde seg over det som Gud hadde gjort for folket, for alt hadde gått så fort.

Les hele kapitlet 2. Krønikebok 29