Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Krønikebok 29:2-7 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

2. Hiskia gjorde det som rett var i Herrens auge, i eitt og alt slik David, stamfar hans, hadde gjort.

3. I det første styringsåret sitt, i den første månaden, opna han dørene til Herrens hus og sette dei i stand.

4. Så lét han prestane og levittane koma, og han samla dei på den opne plassen i aust.

5. Han sa til dei:«Høyr på meg, de levittar! No skal de helga dykk sjølve og helga huset til Herren, dykkar fedrars Gud, og få ureinskapen ut or heilagdomen!

6. For fedrane våre har vore trulause. Dei har gjort det som vondt er i Herrens auge, og forlate han. Dei har vendt andletet bort frå Herrens bustad og snudd ryggen til.

7. Dei har jamvel stengt dørene til forhallen og sløkt lampene, og dei har ikkje brent røykjelse. Dei har heller ikkje bore fram brennoffer i heilagdomen for Israels Gud.

Les hele kapitlet 2. Krønikebok 29