Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Krønikebok 28:5-13 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

5. Så gav Herren hans Gud han i hendene på aramearkongen. Aramearane slo han og tok ei mengd fangar, som dei førte til Damaskus. Ahas vart òg gjeven i hendene på Israels-kongen, som gav han eit stort nederlag.

6. Pekah, son til Remalja, drap på ein dag hundre og tjue tusen mann i Juda, alle saman djerve krigarar. Det hende fordi dei hadde forlate Herren, sine fedrars Gud.

7. Sikri, ein krigar frå Efraim, drap Maaseja, kongssonen, og Asrikam, borgherren, og Elkana, som var nest etter kongen.

8. Israelittane tok to hundre tusen av brørne sine som fangar, med koner, søner og døtrer. Dei tok òg eit stort bytte frå dei og førte det til Samaria.

9. Der var det ein av Herrens profetar som heitte Oded. Han gjekk ut mot hæren som kom til Samaria, og sa til dei: «Høyr, Herren, dykkar fedrars Gud, var harm på judearane og gav dei over i hendene dykkar. Men de har drepe dei med slikt raseri at det har nådd heilt til himmelen.

10. Og no tenkjer de på å gjera menn og kvinner frå Juda og Jerusalem til slavane dykkar. Har de ikkje sjølve skuld nok på dykk mot Herren dykkar Gud?

11. Høyr no på meg! Send tilbake dei fangane som de har teke mellom brørne dykkar! For Herrens brennande vreide er over dykk.»

12. Då steig nokre av dei fremste mennene i Efraim fram mot dei som var komne att frå krigen. Det var Asarja, son til Johanan, Berekja, son til Mesjillemot, Hiskia, son til Sjallum, og Amasa, son til Hadlai.

13. Dei sa: «Før ikkje fangane hit! Har de tenkt å la endå større synd og skuld koma over oss, vi som alt er skuldige for Herren? Stor er skulda vår, og Herrens brennande vreide er over Israel.»

Les hele kapitlet 2. Krønikebok 28