Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Krønikebok 28:22-27 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

22. Jamvel under kringsetjinga heldt han fram med å vera trulaus mot Herren. Såleis var kong Ahas.

23. Han ofra til gudane i Damaskus, som hadde vunne over han, og sa: «Sidan gudane til aramearkongane har hjelpt dei, vil eg ofra til dei så dei kan hjelpa meg.» Men dei vart til fall for han og for heile Israel.

24. Ahas samla òg alt utstyret som var i Guds hus, og slo det sund. Så stengde han dørene til Herrens hus og laga seg altar i kvart hjørne av Jerusalem.

25. I kvar einaste by i Juda laga han offerhaugar og tende offereld for andre gudar. Slik gjorde han Herren, sine fedrars Gud, rasande.

26. Det som elles er å seia om Ahas og det han gjorde, frå først til sist, står skrive i boka om Juda- og Israels-kongane.

27. Ahas gjekk til kvile hos fedrane sine. Dei gravla han i Jerusalem, inne i byen; men dei la han ikkje i Israels kongegraver. Hiskia, son hans, vart konge etter han.

Les hele kapitlet 2. Krønikebok 28