Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Krønikebok 28:12-24 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

12. Då steig nokre av dei fremste mennene i Efraim fram mot dei som var komne att frå krigen. Det var Asarja, son til Johanan, Berekja, son til Mesjillemot, Hiskia, son til Sjallum, og Amasa, son til Hadlai.

13. Dei sa: «Før ikkje fangane hit! Har de tenkt å la endå større synd og skuld koma over oss, vi som alt er skuldige for Herren? Stor er skulda vår, og Herrens brennande vreide er over Israel.»

14. Då sleppte soldatane fangane fri og gav frå seg byttet, rett for auga på stormennene og heile forsamlinga.

15. Dei mennene som er nemnde med namn, stod fram og tok seg av fangane. Dei kledde alle som var nakne, med klede frå byttet. Dei gav dei både klede og skor, mat og drikke og salva dei. Alle som hadde vondt for å gå, sette dei opp på esel og førte dei til landsmennene deira i Jeriko, Palme-byen. Så fór dei heim att til Samaria.

16. På same tid sende kong Ahas bod til kongen av Assur og bad om hjelp.

17. For edomittane òg kom og slo judearane og førte bort fangar.

18. Og filistrane plyndra Juda-byane, både i låglandet og i Negev. Dei tok Bet-Sjemesj, Ajjalon og Gederot, Soko med landsbyane som høyrde til, Timna med landsbyar og Gimso med landsbyar. Og dei busette seg der.

19. For Herren ville audmjuka Juda på grunn av Ahas, kongen over Israel. Han hadde ikkje halde Juda i taumar, han hadde vore trulaus mot Herren.

20. Men Tiglat-Pileser, kongen av Assur, drog ut mot han og kringsette han i staden for å hjelpa.

21. Ahas plyndra både Herrens hus og kongeborga, han tok frå stormennene og gav til kongen av Assur, men det hjelpte han ikkje.

22. Jamvel under kringsetjinga heldt han fram med å vera trulaus mot Herren. Såleis var kong Ahas.

23. Han ofra til gudane i Damaskus, som hadde vunne over han, og sa: «Sidan gudane til aramearkongane har hjelpt dei, vil eg ofra til dei så dei kan hjelpa meg.» Men dei vart til fall for han og for heile Israel.

24. Ahas samla òg alt utstyret som var i Guds hus, og slo det sund. Så stengde han dørene til Herrens hus og laga seg altar i kvart hjørne av Jerusalem.

Les hele kapitlet 2. Krønikebok 28