Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Krønikebok 28:1-9 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Ahas var tjue år gammal då han vart konge, og han styrte i Jerusalem i seksten år. Han gjorde ikkje det som rett var i Herrens auge, så som David, stamfar hans, hadde gjort.

2. Han følgde vegane til Israels-kongane og laga jamvel støypte bilete for Baal-gudane.

3. Han tende offereld i Hinnom-dalen og lét sønene sine gå gjennom elden, ein avskyeleg skikk hos dei folkeslaga som Herren hadde drive bort for israelittane.

4. Han ofra og tende offereld på haugane og høgdene og under kvart frodig tre.

5. Så gav Herren hans Gud han i hendene på aramearkongen. Aramearane slo han og tok ei mengd fangar, som dei førte til Damaskus. Ahas vart òg gjeven i hendene på Israels-kongen, som gav han eit stort nederlag.

6. Pekah, son til Remalja, drap på ein dag hundre og tjue tusen mann i Juda, alle saman djerve krigarar. Det hende fordi dei hadde forlate Herren, sine fedrars Gud.

7. Sikri, ein krigar frå Efraim, drap Maaseja, kongssonen, og Asrikam, borgherren, og Elkana, som var nest etter kongen.

8. Israelittane tok to hundre tusen av brørne sine som fangar, med koner, søner og døtrer. Dei tok òg eit stort bytte frå dei og førte det til Samaria.

9. Der var det ein av Herrens profetar som heitte Oded. Han gjekk ut mot hæren som kom til Samaria, og sa til dei: «Høyr, Herren, dykkar fedrars Gud, var harm på judearane og gav dei over i hendene dykkar. Men de har drepe dei med slikt raseri at det har nådd heilt til himmelen.

Les hele kapitlet 2. Krønikebok 28