Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Krønikebok 26:4-17 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

4. Ussia gjorde det som rett var i Herrens auge, slik Amasja, far hans, hadde gjort.

5. Han søkte Gud så lenge Sakarja levde, han som skjøna seg på gudssyn. Og så lenge han søkte Herren, gav Gud han framgang.

6. Ussia drog ut og gjekk til krig mot filistrane. Han reiv ned bymurane i Gat, Jabne og Asjdod. Sidan bygde han byar ved Asjdod og andre stader hos filistrane.

7. Gud hjelpte han mot filistrane, mot dei arabarane som budde i Gur-Baal, og mot me'unittane.

8. Ammonittane kom med gåver til Ussia, og gjetordet om han nådde heilt til Egypt; for han hadde vorte svært mektig.

9. Ussia bygde tårn i Jerusalem, på Hjørneporten og Dalporten og på murvinkelen. Slik gjorde han desse stadene sterke.

10. I ørkenen bygde han òg tårn og hogg ut mange brønnar, for han hadde stor buskap både i låglandet og på høgsletta. Dessutan hadde han bønder og vindyrkarar i fjella og i hagane; for han hadde hjarte for jorda.

11. Ussia hadde ein stridsfør hær, som drog ut i krig i avdelingar som var mønstra og talde av skrivaren Je'uel og tilsynsmannen Maaseja, under leiing av Hananja, ein av stormennene til kongen.

12. Dei djerve krigarane som var leiarar for familiar, var 2600 i talet.

13. Under dei stod det ein hær på 307 500 mann. Med kraft og styrke hjelpte dei kongen i krig mot fienden.

14. Heile denne hæren rusta Ussia ut med skjold og spyd, hjelmar og brynjer, bogar og slyngjesteinar.

15. I Jerusalem fekk han utvikla nye og sinnrike krigsmaskinar. Dei skulle stå på tårna og murhjørna og brukast til å skyta ut piler og store steinar. Slik vart namnet til kongen kjent vide ikring, for han fekk hjelp på underfullt vis så han fekk stor makt.

16. Men då han hadde fått stor makt, vart hjartet øydelagt av hovmod. Han var trulaus mot Herren sin Gud. Han gjekk inn i Herrens tempel og ville brenna røykjelse på røykjelsesaltaret.

17. Men presten Asarja gjekk inn etter han saman med Herrens prestar, åtti modige menn.

Les hele kapitlet 2. Krønikebok 26