Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Krønikebok 26:16-23 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

16. Men då han hadde fått stor makt, vart hjartet øydelagt av hovmod. Han var trulaus mot Herren sin Gud. Han gjekk inn i Herrens tempel og ville brenna røykjelse på røykjelsesaltaret.

17. Men presten Asarja gjekk inn etter han saman med Herrens prestar, åtti modige menn.

18. Dei stilte seg i vegen for kong Ussia og sa til han: «Du har ikkje lov til å brenna røykjelse for Herren, Ussia. Det kan berre prestane gjera, Aron-sønene som er helga til det. Gå ut or heilagdomen! For du har vore trulaus, og det gjev deg inga ære hos Herren din Gud.»

19. Då vart Ussia sint der han stod med ei røykjelsesskål i handa og skulle til å brenna røykjelse. Men då han vart sint på prestane, braut det ut hudsjukdom på panna hans. Dette hende framfor prestane attmed røykjelsesaltaret i Herrens hus.

20. Då Asarja, øvstepresten, og alle dei andre prestane snudde seg mot han, såg dei at han hadde ein hudsjukdom i panna. Då dreiv dei han bort derifrå med ein gong. Og sjølv var han snar til å koma seg ut, for Herren hadde rørt ved han.

21. Sidan hadde kong Ussia denne hudsjukdomen til sin døyande dag. Han måtte bu i eit hus for seg sjølv fordi han var ramma av hudsjukdom, og han var utestengd frå Herrens hus. Jotam, son hans, styrte kongeborga og folket i landet.

22. Det som elles er å seia om Ussia, frå først til sist, har profeten Jesaja, son til Amos, skrive opp.

23. Ussia gjekk til kvile hos fedrane sine. Han vart gravlagd ute på gravstaden til kongane. For dei sa: «Han var ramma av hudsjukdom.» Jotam, son hans, vart konge etter han.

Les hele kapitlet 2. Krønikebok 26