Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Krønikebok 25:3-15 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

3. Så snart Amasja hadde sikra seg kongsmakta, drap han dei tenarane som hadde slege i hel far hans, kongen.

4. Men borna deira drap han ikkje. Han heldt seg til det som står skrive i lovboka til Moses, der Herren byd: Fedrar skal ikkje døy for borna, og born skal ikkje døy for fedrane. Kvar og ein skal døy for si eiga synd.

5. Sidan samla Amasja judearane og stilte dei opp, familie for familie, under tusenmannsførarar og hundremannsførarar i heile Juda og Benjamin. Han mønstra alle som var tjue år eller meir, og fann at det var tre hundre tusen utvalde stridsføre menn som kunne bruka spyd og skjold.

6. Dessutan leigde han hundre tusen djerve krigarar frå Israel for hundre talentar sølv.

7. Då kom ein gudsmann til han og sa: «Konge, lat ikkje Israels-hæren dra med deg! For Herren er ikkje med israelittane, ikkje med nokon av Efraim-sønene.

8. Dra ut på eiga hand og gå modig i krigen! Elles vil Gud la deg falla for fienden. For Gud har makt både til å hjelpa og til å fella.»

9. Amasja spurde gudsmannen: «Kva så med dei hundre talentane som eg har gjeve til troppane frå Israel?» Gudsmannen svara: «Herren kan gje deg meir enn det!»

10. Då skilde Amasja ut troppane som var komne til han frå Efraim, og lét dei fara heim att. Dei vart brennande harme på judearane og vende heim i fullt sinne.

11. Amasja styrkte stillinga si. Så førte han hæren sin til Saltdalen. Der slo han ned ti tusen mann frå Se'ir,

12. og judearane tok ti tusen levande til fange. Dei førte dei opp på toppen av ein fjellknaus og støytte dei ned derifrå så dei vart knuste, alle saman.

13. Men troppane som Amasja hadde sendt heim att så dei ikkje fekk dra med han i krig, plyndra byane i Juda frå Samaria til Bet-Horon. Der slo dei ned tre tusen mann og tok stort bytte.

14. Då Amasja kom heim att etter at han hadde slege edomittane, hadde han gudane til folket i Se'ir med seg. Han sette dei opp som sine eigne gudar, tilbad dei og tende offereld for dei.

15. Då vart Herren brennande harm på Amasja og sende han ein profet som sa: «Kvifor spør du gudar til råds som ikkje kunne berga sitt eige folk or di hand?»

Les hele kapitlet 2. Krønikebok 25