Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Krønikebok 25:15-28 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

15. Då vart Herren brennande harm på Amasja og sende han ein profet som sa: «Kvifor spør du gudar til råds som ikkje kunne berga sitt eige folk or di hand?»

16. Men då profeten tala slik til han, sa Amasja: «Har vi gjort deg til rådgjevar for kongen? Hald opp, elles blir du slegen i hel.» Då heldt profeten opp og sa: «Eg veit at Gud har sett seg føre å utrydda deg, sidan du gjorde dette og ikkje høyrde på rådet mitt.»

17. Amasja, kongen i Juda, heldt råd og sende så bod til Israels-kongen Joasj, son til Joahas, son til Jehu. «Kom, lat oss kjempa andlet til andlet!» sa han.

18. Men Joasj, kongen i Israel, sende dette bodet tilbake til Juda-kongen Amasja: «Tistelen i Libanon sende ein gong bod til sedertreet i Libanon og sa: Lat son min få dotter di til kone! Men eit av villdyra i Libanon kom forbi og trampa tistelen ned.

19. Du tenkjer at du har slege edomittane. Difor har du vorte overmodig og vil vinna ære. Hald deg heime! Kvifor vil du styrta deg i ulukke så du går til grunne, og Juda med deg?»

20. Men Amasja ville ikkje høyra på han; for dette var frå Gud. Han ville gje dei over i hans hender fordi dei hadde spurt Edom-gudane til råds.

21. Då rykte Israels-kongen Joasj ut mot Amasja, kongen i Juda. Dei kjempa andlet til andlet i Bet-Sjemesj, som ligg i Juda.

22. Judearane vart slegne av israelittane og flykta kvar til sitt.

23. Juda-kongen Amasja, son til Joasj, son til Joahas, vart teken til fange i Bet-Sjemesj av Joasj, Israels konge, og ført til Jerusalem. Der reiv Joasj ned fire hundre alner av bymuren, frå Efraim-porten til Hjørneporten.

24. Så tok han alt gullet og sølvet og alt utstyret som fanst i Guds hus, hos Obed-Edom og i skattkammera i kongeborga, dessutan gislane. Så vende han attende til Samaria.

25. Juda-kongen Amasja, son til Joasj, levde femten år etter at Israels-kongen Joasj, son til Joahas, var død.

26. Det som elles er å seia om Amasja, frå først til sist, står skrive i boka om Juda- og Israels-kongane.

27. Då Amasja tok til å venda seg bort frå Herren, fekk dei til ei samansverjing mot han i Jerusalem. Då flykta han til Lakisj. Men dei sende folk etter han og drap han der.

28. Så førte dei han til Jerusalem på hesteryggen, og han vart gravlagd hos fedrane sine i Juda-byen.

Les hele kapitlet 2. Krønikebok 25