Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Krønikebok 25:12-21 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

12. og judearane tok ti tusen levande til fange. Dei førte dei opp på toppen av ein fjellknaus og støytte dei ned derifrå så dei vart knuste, alle saman.

13. Men troppane som Amasja hadde sendt heim att så dei ikkje fekk dra med han i krig, plyndra byane i Juda frå Samaria til Bet-Horon. Der slo dei ned tre tusen mann og tok stort bytte.

14. Då Amasja kom heim att etter at han hadde slege edomittane, hadde han gudane til folket i Se'ir med seg. Han sette dei opp som sine eigne gudar, tilbad dei og tende offereld for dei.

15. Då vart Herren brennande harm på Amasja og sende han ein profet som sa: «Kvifor spør du gudar til råds som ikkje kunne berga sitt eige folk or di hand?»

16. Men då profeten tala slik til han, sa Amasja: «Har vi gjort deg til rådgjevar for kongen? Hald opp, elles blir du slegen i hel.» Då heldt profeten opp og sa: «Eg veit at Gud har sett seg føre å utrydda deg, sidan du gjorde dette og ikkje høyrde på rådet mitt.»

17. Amasja, kongen i Juda, heldt råd og sende så bod til Israels-kongen Joasj, son til Joahas, son til Jehu. «Kom, lat oss kjempa andlet til andlet!» sa han.

18. Men Joasj, kongen i Israel, sende dette bodet tilbake til Juda-kongen Amasja: «Tistelen i Libanon sende ein gong bod til sedertreet i Libanon og sa: Lat son min få dotter di til kone! Men eit av villdyra i Libanon kom forbi og trampa tistelen ned.

19. Du tenkjer at du har slege edomittane. Difor har du vorte overmodig og vil vinna ære. Hald deg heime! Kvifor vil du styrta deg i ulukke så du går til grunne, og Juda med deg?»

20. Men Amasja ville ikkje høyra på han; for dette var frå Gud. Han ville gje dei over i hans hender fordi dei hadde spurt Edom-gudane til råds.

21. Då rykte Israels-kongen Joasj ut mot Amasja, kongen i Juda. Dei kjempa andlet til andlet i Bet-Sjemesj, som ligg i Juda.

Les hele kapitlet 2. Krønikebok 25