Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Krønikebok 24:16-24 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

16. Dei gravla han i Davidsbyen, saman med kongane, fordi han hadde gjort så mykje godt i Israel og for Gud og huset hans.

17. Då Jojada var borte, kom stormennene i Juda til kongen og kasta seg ned for han. Og kongen høyrde på dei.

18. Så forlét dei huset til Herren, deira fedrars Gud, og dyrka Asjera-pålar og gudebilete. Då vart Juda og Jerusalem råka av vreide fordi dei hadde gjort seg skuldige i dette.

19. Herren sende dei profetar for å føra dei tilbake til seg. Profetane åtvara dei, men dei ville ikkje høyra.

20. Då kom Guds ande over Sakarja, son til presten Jojada. Han steig fram for folket og sa til dei: «Så seier Gud: Kvifor bryt de Herrens bod? De kjem ikkje til å lukkast. De har forlate Herren, difor forlèt han dykk.»

21. Men dei fekk i stand ei samansverjing mot han, og dei steina han i føregarden til Herrens hus på bod frå kongen.

22. Kong Joasj hugsa ikkje den kjærleiken som Jojada, far til Sakarja, hadde vist han, og han drap sonen. Rett før han døydde, ropa han: «Må Herren sjå og gjengjelda dette!»

23. Før året var ute, drog ein hær av aramearar opp mot kong Joasj. Dei kom til Juda og Jerusalem og utrydda alle stormennene i folket. Alt byttet dei tok, sende dei til kongen i Damaskus.

24. Det var ikkje mange mann i aramearhæren som kom. Likevel lét Herren dei vinna over ein stor hær fordi judearane hadde forlate Herren, sine fedrars Gud. Såleis sette dei dommen over Joasj i verk.

Les hele kapitlet 2. Krønikebok 24