Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Krønikebok 24:14-21 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

14. Då dei var ferdige, bar dei resten av pengane til kongen og Jojada, som nytta dei til å laga utstyr til Herrens hus: reiskapar til tenesta og ofringa, skåler og anna utstyr av gull og sølv. Så lenge Jojada levde, bar dei dagleg fram brennoffer i Herrens hus.

15. Jojada vart gammal og mett av dagar. Han var hundre og tretti år gammal då han døydde.

16. Dei gravla han i Davidsbyen, saman med kongane, fordi han hadde gjort så mykje godt i Israel og for Gud og huset hans.

17. Då Jojada var borte, kom stormennene i Juda til kongen og kasta seg ned for han. Og kongen høyrde på dei.

18. Så forlét dei huset til Herren, deira fedrars Gud, og dyrka Asjera-pålar og gudebilete. Då vart Juda og Jerusalem råka av vreide fordi dei hadde gjort seg skuldige i dette.

19. Herren sende dei profetar for å føra dei tilbake til seg. Profetane åtvara dei, men dei ville ikkje høyra.

20. Då kom Guds ande over Sakarja, son til presten Jojada. Han steig fram for folket og sa til dei: «Så seier Gud: Kvifor bryt de Herrens bod? De kjem ikkje til å lukkast. De har forlate Herren, difor forlèt han dykk.»

21. Men dei fekk i stand ei samansverjing mot han, og dei steina han i føregarden til Herrens hus på bod frå kongen.

Les hele kapitlet 2. Krønikebok 24