Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Krønikebok 24:13-27 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

13. Arbeidsleiarane sette arbeidet i gang, og under deira leiing gjekk utbetringane framover. Dei sette Guds hus i stand att etter dei mål det skulle ha, og gjorde det sterkare enn før.

14. Då dei var ferdige, bar dei resten av pengane til kongen og Jojada, som nytta dei til å laga utstyr til Herrens hus: reiskapar til tenesta og ofringa, skåler og anna utstyr av gull og sølv. Så lenge Jojada levde, bar dei dagleg fram brennoffer i Herrens hus.

15. Jojada vart gammal og mett av dagar. Han var hundre og tretti år gammal då han døydde.

16. Dei gravla han i Davidsbyen, saman med kongane, fordi han hadde gjort så mykje godt i Israel og for Gud og huset hans.

17. Då Jojada var borte, kom stormennene i Juda til kongen og kasta seg ned for han. Og kongen høyrde på dei.

18. Så forlét dei huset til Herren, deira fedrars Gud, og dyrka Asjera-pålar og gudebilete. Då vart Juda og Jerusalem råka av vreide fordi dei hadde gjort seg skuldige i dette.

19. Herren sende dei profetar for å føra dei tilbake til seg. Profetane åtvara dei, men dei ville ikkje høyra.

20. Då kom Guds ande over Sakarja, son til presten Jojada. Han steig fram for folket og sa til dei: «Så seier Gud: Kvifor bryt de Herrens bod? De kjem ikkje til å lukkast. De har forlate Herren, difor forlèt han dykk.»

21. Men dei fekk i stand ei samansverjing mot han, og dei steina han i føregarden til Herrens hus på bod frå kongen.

22. Kong Joasj hugsa ikkje den kjærleiken som Jojada, far til Sakarja, hadde vist han, og han drap sonen. Rett før han døydde, ropa han: «Må Herren sjå og gjengjelda dette!»

23. Før året var ute, drog ein hær av aramearar opp mot kong Joasj. Dei kom til Juda og Jerusalem og utrydda alle stormennene i folket. Alt byttet dei tok, sende dei til kongen i Damaskus.

24. Det var ikkje mange mann i aramearhæren som kom. Likevel lét Herren dei vinna over ein stor hær fordi judearane hadde forlate Herren, sine fedrars Gud. Såleis sette dei dommen over Joasj i verk.

25. Då aramearane drog bort, lét dei han liggja att alvorleg såra. Tenarane hans svor seg saman mot han fordi han hadde teke livet av sonen til presten Jojada. Dei drap han i senga hans. Slik døydde Joasj. Dei gravla han i Davidsbyen, men ikkje i kongegravene.

26. Dei som svor seg saman mot han, var Sabad, son til Sjimat, ei kvinne frå Ammon, og Josabad, son til Sjimrit, ei kvinne frå Moab.

27. Om sønene til Joasj, om dei mange profetorda mot han og om Guds hus som vart gjenreist, er det skrive i kommentarane til kongebøkene. Amasja, son hans, vart konge etter han.

Les hele kapitlet 2. Krønikebok 24