1. Joasj var sju år gammal då han vart konge, og han styrte i Jerusalem i førti år. Mor hans heitte Sibja og var frå Beer-Sjeba.
2. Joasj gjorde det som rett var i Herrens auge, så lenge presten Jojada levde.
3. Jojada fann to koner til han, og han fekk søner og døtrer.
4. Etter ei tid sette Joasj seg føre å utbetra Herrens hus.
5. Han kalla saman prestane og levittane og sa til dei: «Dra ut til byane i Juda og samla inn pengar frå alle israelittane til år for år å setja i stand huset til dykkar Gud etter som det trengst. De må skunda dykk å gjera dette!» Men levittane skunda seg ikkje.
6. Då kalla kongen til seg Jojada, øvstepresten, og sa: «Kvifor har du ikkje sytt for at levittane krev inn frå Juda og Jerusalem den avgifta til teltet med vitnemålet som Moses, Herrens tenar, og Israels forsamling har fastsett?