Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Krønikebok 24:1-10 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Joasj var sju år gammal då han vart konge, og han styrte i Jerusalem i førti år. Mor hans heitte Sibja og var frå Beer-Sjeba.

2. Joasj gjorde det som rett var i Herrens auge, så lenge presten Jojada levde.

3. Jojada fann to koner til han, og han fekk søner og døtrer.

4. Etter ei tid sette Joasj seg føre å utbetra Herrens hus.

5. Han kalla saman prestane og levittane og sa til dei: «Dra ut til byane i Juda og samla inn pengar frå alle israelittane til år for år å setja i stand huset til dykkar Gud etter som det trengst. De må skunda dykk å gjera dette!» Men levittane skunda seg ikkje.

6. Då kalla kongen til seg Jojada, øvstepresten, og sa: «Kvifor har du ikkje sytt for at levittane krev inn frå Juda og Jerusalem den avgifta til teltet med vitnemålet som Moses, Herrens tenar, og Israels forsamling har fastsett?

7. For den gudlause Atalja og sønene hennar har trengt seg inn i Guds hus og jamvel nytta alt det heilage frå Herrens hus for Baal-gudane.»

8. Så baud kongen at dei skulle laga ei kiste og setja henne utanfor porten til Herrens hus.

9. Det vart kunngjort i Juda og Jerusalem at alle skulle koma til Herren med den avgifta som Moses, Guds tenar, hadde lagt på Israel i ørkenen.

10. Då vart dei glade, alle stormennene og heile folket. Dei kom og kasta pengar i kista til ho var full.

Les hele kapitlet 2. Krønikebok 24