Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Krønikebok 23:9-16 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

9. Presten Jojada gav hundremannsførarane dei spyda og skjolda, både store og små, som hadde høyrt kong David til, og som var i Guds hus.

10. Og han stilte opp alt folket i ein ring rundt kongen, kvar mann med våpen i hand, frå sørsida til nordsida av tempelet, nær ved altaret og sjølve tempelhuset.

11. Så førte Jojada og sønene hans kongssonen ut, sette krona på han og gav han kongesymbola. Dei ropa han ut til konge, salva han og ropa: «Leve kongen!»

12. Då Atalja høyrde ropet frå folkemengda som sprang fram og hylla kongen, gjekk ho opp til folket i Herrens hus.

13. Der fekk ho sjå kongen stå ved søyla si ved inngangen, og stormennene og hornblåsarane attmed han, medan heile folket jubla og bles i trompetar og songarane leidde lovsongen med instrumenta sine. Då reiv Atalja sund kleda sine og ropa: «Svik, svik!»

14. Men presten Jojada sende hundremannsførarane ut, dei som stod i spissen for hæren, og sa til dei: «Før henne ut mellom rekkjene! Følgjer nokon etter henne, skal han døy for sverd.» For presten hadde sagt: «De må ikkje drepa henne i Herrens hus.»

15. Så greip dei Atalja. Dei førte henne til Hesteporten, som leier inn til kongeborga, og der drap dei henne.

16. Sidan gjorde Jojada ei pakt mellom seg og folket og kongen: Dei skulle vera Herrens folk.

Les hele kapitlet 2. Krønikebok 23