Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Krønikebok 23:4-13 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

4. Dette skal de gjera: Ein tredjepart av dykk, dei prestane og levittane som kjem og gjer teneste på sabbaten, skal vakta dørene.

5. Den andre tredjeparten skal vera ved kongeborga, den tredje ved Jesod-porten, og alt folket skal vera i føregardane til Herrens hus.

6. Men ingen må koma inn i Herrens hus så nær som prestane og dei levittane som gjer teneste. Dei kan gå inn, for dei er helga. Men alt folket må halda seg etter Herrens ordning.

7. Levittane skal stilla seg i ein ring rundt kongen, kvar mann med våpen i hand. Om nokon trengjer seg inn i tempelet, skal han døy. Dei må følgja kongen kvar han går og står.»

8. Levittane og alle judearane gjorde i eitt og alt som presten Jojada gav ordre om. Kvar tok sine menn; dei tok både dei som gjekk på vakt på sabbaten, og dei som skulle ha avløysing. For presten Jojada hadde ikkje late skifta fara heim.

9. Presten Jojada gav hundremannsførarane dei spyda og skjolda, både store og små, som hadde høyrt kong David til, og som var i Guds hus.

10. Og han stilte opp alt folket i ein ring rundt kongen, kvar mann med våpen i hand, frå sørsida til nordsida av tempelet, nær ved altaret og sjølve tempelhuset.

11. Så førte Jojada og sønene hans kongssonen ut, sette krona på han og gav han kongesymbola. Dei ropa han ut til konge, salva han og ropa: «Leve kongen!»

12. Då Atalja høyrde ropet frå folkemengda som sprang fram og hylla kongen, gjekk ho opp til folket i Herrens hus.

13. Der fekk ho sjå kongen stå ved søyla si ved inngangen, og stormennene og hornblåsarane attmed han, medan heile folket jubla og bles i trompetar og songarane leidde lovsongen med instrumenta sine. Då reiv Atalja sund kleda sine og ropa: «Svik, svik!»

Les hele kapitlet 2. Krønikebok 23