Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Krønikebok 23:18-21 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

18. Til å ha tilsyn med Herrens hus sette Jojada dei prestane og levittane som David hadde delt inn i skift til å gjera teneste i tempelet, til å bera fram brennoffer for Herren som skrive står i Moselova, med glede og song slik David ville.

19. Og han sette dørvaktarar ved portane til Herrens hus, så ikkje nokon som på eit eller anna vis hadde vorte urein, skulle koma inn dit.

20. Så tok han med seg hundremannsførarane, stormennene, leiarane i folket og heile folkemengda og førte kongen ned frå Herrens hus. Dei gjekk gjennom Øvreporten inn i kongeborga og sette kongen på trona.

21. Heile folket jubla, og det var ro i byen. Men Atalja hadde dei drepe med sverd.

Les hele kapitlet 2. Krønikebok 23