Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Krønikebok 21:5-20 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

5. Joram var trettito år gammal då han vart konge, og han styrte i Jerusalem i åtte år.

6. I si ferd var han som dei andre kongane i Israel. Han levde slik som Ahabs hus hadde gjort, for han var gift med ei dotter til Ahab. Og han gjorde det som vondt var i Herrens auge.

7. Men på grunn av pakta han hadde gjort med David, ville Herren ikkje øydeleggja Davids hus; for han hadde lova at ei lampe alltid skulle lysa for han og etterkomarane hans.

8. I Jorams tid gjorde Edom opprør mot Juda og tok seg ein konge.

9. Då rykte Joram ut dit med hærførarane sine og alle stridsvognene. Han braut opp om natta og slo edomittane, som hadde omringa han og kommandantane for stridsvognene.

10. Etter opprøret har Edom vore skilt frå Juda til denne dag. På same tid gjorde Libna opprør mot Joram fordi han hadde forlate Herren, sine fedrars Gud.

11. Han bygde òg offerhaugar i Juda-fjella, han fekk dei som budde i Jerusalem, til å driva hor, og han førte judearane på avvegar.

12. Då kom det eit brev til Joram frå profeten Elia, og der stod det: Så seier Herren, Gud til David, far din: Du følgjer ikkje vegane til Josjafat, far din, og Asa, Juda-kongen.

13. Men du går på dei same vegane som Israels-kongane, og slik får du judearane og dei som bur i Jerusalem, til å driva hor, slik Ahabs hus gjorde det. Du har jamvel drepe brørne dine, sønene til din eigen far, endå dei var betre enn du.

14. Difor vil Herren slå både folket ditt, sønene dine og konene dine og alt det du eig, med ei stor plage.

15. Og sjølv skal du bli ramma av store lidingar, ein sjukdom i innvolane som gjer at dei til sist fell ut.

16. Så eggja Herren opp filistrane mot Joram, saman med dei arabarane som budde bortmed kusjittane.

17. Dei drog opp mot Juda, trengde inn i landet og førte bort alt dei fann i kongeborga, og sønene hans og konene hans. Han hadde ingen søner att bortsett frå Joahas, som var yngst.

18. Etter alt dette ramma Herren han med ulækjande sjukdom i tarmane.

19. Til sist, då to år var lidne, førte sjukdomen til at tarmane hans fall ut, og han døydde under store smerter. Folket kveikte ikkje noko bål til ære for han, som dei hadde gjort for fedrane hans.

20. Joram var trettito år gammal då han vart konge, og han styrte i Jerusalem i åtte år. Så gjekk han bort, og ingen sakna han. Dei gravla han i Davidsbyen, men ikkje i kongegravene.

Les hele kapitlet 2. Krønikebok 21