Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Krønikebok 21:2-7 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

2. Joram hadde fleire brør, søner av Josjafat. Dei heitte Asarja, Jehiel, Sakarja, Asarjahu, Mikael og Sjefatja. Alle desse var sønene til Josjafat, kongen i Israel.

3. Far deira gav dei mange gåver: sølv og gull og kostbare ting, i tillegg til festningsbyar i Juda. Men kongedømet gav han til Joram, for han var den førstefødde.

4. Då Joram hadde teke over kongedømet etter far sin og hadde sikra seg makta, drap han alle brørne sine med sverd og like eins nokre av leiarane i Israel.

5. Joram var trettito år gammal då han vart konge, og han styrte i Jerusalem i åtte år.

6. I si ferd var han som dei andre kongane i Israel. Han levde slik som Ahabs hus hadde gjort, for han var gift med ei dotter til Ahab. Og han gjorde det som vondt var i Herrens auge.

7. Men på grunn av pakta han hadde gjort med David, ville Herren ikkje øydeleggja Davids hus; for han hadde lova at ei lampe alltid skulle lysa for han og etterkomarane hans.

Les hele kapitlet 2. Krønikebok 21