Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Krønikebok 20:19-35 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

19. Dei levittane som høyrde Kehat- og Korah-sønene til, reiste seg og lova Herren, Israels Gud, med høg og kraftig røyst.

20. Tidleg neste morgon braut dei opp og drog ut til Tekoa-ørkenen. Med det same dei drog ut, steig Josjafat fram og sa: «Høyr på meg, de judearar og de som bur i Jerusalem! Ver tru mot Herren dykkar Gud, så skal de stå støtt! Ver tru mot profetane hans, så skal de ha lukka med dykk!»

21. Då han hadde samrådd seg med folket, valde han ut songarar som skulle lovsyngja Herren i heilag prakt. Dei drog ut i spissen for krigarane medan dei song: «Pris Herren, evig varer hans miskunn!»

22. Så snart dei sette i med jubelrop og lovsong, lét Herren ammonittane, moabittane og folket frå Se'ir-fjella, dei som rykte fram mot Juda, falla i bakhald. Slik vart dei slegne.

23. Då vende ammonittane og moabittane seg mot folket frå Se'ir-fjella for å slå dei med bann og utrydda dei. Og då dei hadde gjort ende på folket frå Se'ir, gav dei seg til å utrydda kvarandre.

24. Då judearane kom fram til utsiktspunktet over ørkenen og såg seg om etter hærstyrken, fekk dei auge på dei falne som låg døde på jorda. Ingen hadde sloppe unna.

25. Josjafat og folket hans drog då dit og ville ta bytte, og dei fann ei mengd med dyr, gods, klede og kostbare ting. Dei tok meir enn dei kunne bera. Tre dagar varte plyndringa, så stort var byttet.

26. Fjerde dagen samla dei seg i Beraka-dalen, for der velsigna dei Herren. Difor kalla dei denne staden Beraka-dalen, og det heiter han den dag i dag.

27. Så vende dei attende, mennene frå Juda og Jerusalem, med Josjafat i spissen, og glade kom dei tilbake til Jerusalem, for Herren hadde gjeve dei grunn til å gleda seg over fiendane.

28. Med harper, lyrer og trompetar drog dei inn i Jerusalem, til Herrens hus.

29. Det kom redsle for Gud over alle land og rike då dei høyrde at Herren hadde kjempa mot Israels fiendar.

30. No var det ro i Josjafats rike; for hans Gud lét han få fred på alle kantar.

31. Såleis rådde Josjafat i Juda. Han var trettifem år gammal då han vart konge, og han styrte i Jerusalem i tjuefem år. Mor hans heitte Asuba og var dotter til Sjilhi.

32. Josjafat følgde den same vegen som Asa, far sin, og veik ikkje av frå den, men gjorde det som rett var i Herrens auge.

33. Men offerhaugane vart ikkje nedlagde, og folket hadde endå ikkje vendt hjartet til sine fedrars Gud.

34. Det som elles er å seia om Josjafat, frå først til sist, det står skrive i krønikeboka til Jehu, son til Hanani. Ho er teken med i boka om Israels-kongane.

35. Sidan allierte Josjafat, Juda-kongen, seg med Ahasja, Israels-kongen, han som var skuld i så mykje urett.

Les hele kapitlet 2. Krønikebok 20