Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Krønikebok 20:15-28 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

15. Han sa: «Lyd etter, alle judearar og de som bur i Jerusalem, og du, kong Josjafat! Så seier Herren til dykk: Ver ikkje redde og mist ikkje motet av denne store styrken; for dette er ikkje dykkar strid, men Guds.

16. Far ned mot dei i morgon når dei er på veg oppover Sis-bakken. De kjem til å møta dei ved enden av kløfta ut mot Jeruel-ørkenen.

17. Men det er ikkje de som skal strida denne gongen. De skal berre stilla dykk opp og bli ståande, så skal de sjå korleis Herren frelser dykk, Juda og Jerusalem. Ver ikkje redde og mist ikkje motet! Dra ut mot dei i morgon! Herren skal vera med dykk.»

18. Då bøygde Josjafat seg med andletet mot jorda, og heile Juda og alle som budde i Jerusalem, fall ned for Herren og tilbad han.

19. Dei levittane som høyrde Kehat- og Korah-sønene til, reiste seg og lova Herren, Israels Gud, med høg og kraftig røyst.

20. Tidleg neste morgon braut dei opp og drog ut til Tekoa-ørkenen. Med det same dei drog ut, steig Josjafat fram og sa: «Høyr på meg, de judearar og de som bur i Jerusalem! Ver tru mot Herren dykkar Gud, så skal de stå støtt! Ver tru mot profetane hans, så skal de ha lukka med dykk!»

21. Då han hadde samrådd seg med folket, valde han ut songarar som skulle lovsyngja Herren i heilag prakt. Dei drog ut i spissen for krigarane medan dei song: «Pris Herren, evig varer hans miskunn!»

22. Så snart dei sette i med jubelrop og lovsong, lét Herren ammonittane, moabittane og folket frå Se'ir-fjella, dei som rykte fram mot Juda, falla i bakhald. Slik vart dei slegne.

23. Då vende ammonittane og moabittane seg mot folket frå Se'ir-fjella for å slå dei med bann og utrydda dei. Og då dei hadde gjort ende på folket frå Se'ir, gav dei seg til å utrydda kvarandre.

24. Då judearane kom fram til utsiktspunktet over ørkenen og såg seg om etter hærstyrken, fekk dei auge på dei falne som låg døde på jorda. Ingen hadde sloppe unna.

25. Josjafat og folket hans drog då dit og ville ta bytte, og dei fann ei mengd med dyr, gods, klede og kostbare ting. Dei tok meir enn dei kunne bera. Tre dagar varte plyndringa, så stort var byttet.

26. Fjerde dagen samla dei seg i Beraka-dalen, for der velsigna dei Herren. Difor kalla dei denne staden Beraka-dalen, og det heiter han den dag i dag.

27. Så vende dei attende, mennene frå Juda og Jerusalem, med Josjafat i spissen, og glade kom dei tilbake til Jerusalem, for Herren hadde gjeve dei grunn til å gleda seg over fiendane.

28. Med harper, lyrer og trompetar drog dei inn i Jerusalem, til Herrens hus.

Les hele kapitlet 2. Krønikebok 20