Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Krønikebok 20:11-23 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

11. Men sjå korleis dei løner oss!No kjem dei og vil driva oss bortfrå din eigedom, den du gav oss til eige.

12. Vår Gud, du skal dømma dei.For vi er maktlause mot denne store styrkensom kjem mot oss.Vi veit ikkje kva vi skal gjera;men auga våre er vende mot deg.

13. Alle judearane stod der for Herrens andlet med familiane sine, kvinnene og borna.

14. Midt i forsamlinga kom Herrens ande over levitten Jahasiel, son til Sakarja, son til Benaja, son til Je'iel, son til Mattanja, som var av Asaf-slekta.

15. Han sa: «Lyd etter, alle judearar og de som bur i Jerusalem, og du, kong Josjafat! Så seier Herren til dykk: Ver ikkje redde og mist ikkje motet av denne store styrken; for dette er ikkje dykkar strid, men Guds.

16. Far ned mot dei i morgon når dei er på veg oppover Sis-bakken. De kjem til å møta dei ved enden av kløfta ut mot Jeruel-ørkenen.

17. Men det er ikkje de som skal strida denne gongen. De skal berre stilla dykk opp og bli ståande, så skal de sjå korleis Herren frelser dykk, Juda og Jerusalem. Ver ikkje redde og mist ikkje motet! Dra ut mot dei i morgon! Herren skal vera med dykk.»

18. Då bøygde Josjafat seg med andletet mot jorda, og heile Juda og alle som budde i Jerusalem, fall ned for Herren og tilbad han.

19. Dei levittane som høyrde Kehat- og Korah-sønene til, reiste seg og lova Herren, Israels Gud, med høg og kraftig røyst.

20. Tidleg neste morgon braut dei opp og drog ut til Tekoa-ørkenen. Med det same dei drog ut, steig Josjafat fram og sa: «Høyr på meg, de judearar og de som bur i Jerusalem! Ver tru mot Herren dykkar Gud, så skal de stå støtt! Ver tru mot profetane hans, så skal de ha lukka med dykk!»

21. Då han hadde samrådd seg med folket, valde han ut songarar som skulle lovsyngja Herren i heilag prakt. Dei drog ut i spissen for krigarane medan dei song: «Pris Herren, evig varer hans miskunn!»

22. Så snart dei sette i med jubelrop og lovsong, lét Herren ammonittane, moabittane og folket frå Se'ir-fjella, dei som rykte fram mot Juda, falla i bakhald. Slik vart dei slegne.

23. Då vende ammonittane og moabittane seg mot folket frå Se'ir-fjella for å slå dei med bann og utrydda dei. Og då dei hadde gjort ende på folket frå Se'ir, gav dei seg til å utrydda kvarandre.

Les hele kapitlet 2. Krønikebok 20