Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Krønikebok 20:1-9 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Ei tid etter hende det at moabittane og ammonittane og saman med dei ein del me'unittar gjekk til krig mot Josjafat.

2. Det kom nokon og sa til Josjafat: «Det kjem ein stor styrke mot deg frå den andre sida av sjøen, frå Edom. Dei er alt i Haseson-Tamar» – det er En-Gedi.

3. Då vart Josjafat redd, og han vende seg til Herren for å spørja han til råds. Så ropa han ut ei faste over heile Juda.

4. Judearane samla seg og ville spørja Herren til råds. Frå alle Juda-byane kom dei for å be Herren om råd.

5. Josjafat steig fram i forsamlinga av folk frå Juda og Jerusalem, i Herrens hus, framfor den nye føregarden,

6. og sa: Herre, våre fedrars Gud!Det er du som er Gud i himmelen,og som rår over alle kongerika til folkeslaga!I di hand er makt og velde,og ingen kan stå seg mot deg.

7. Du, vår Gud,dreiv ut dei som budde i dette landetfor Israel, folket ditt,og du gav ætta til Abraham, venen din, landet for alltid.

8. Der busette dei seg,og der bygde dei ein heilagdom for namnet ditt og sa:

9. «Om noko vondt kjem over oss,sverd, straff, pest eller svolt,då vil vi gå fram for dette huset,for ditt andlet;for i dette huset bur namnet ditt.Vi vil ropa til deg i vår naud,og du vil høyra og frelsa.»

Les hele kapitlet 2. Krønikebok 20