Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Krønikebok 19:1-8 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Josjafat, Juda-kongen, vende uskadd heim att til Jerusalem.

2. Då steig sjåaren Jehu, son til Hanani, fram for kong Josjafat og sa: «Korleis kan du hjelpa den urettferdige og elska dei som hatar Herren? Det er difor Herrens vreide har kome over deg.

3. Men noko godt finst det hos deg. Du har fjerna Asjera-pålane frå landet og lagt heile ditt hjarte i å søkja Gud.»

4. Josjafat budde no i Jerusalem. Derifrå drog han ut mellom folket frå Beer-Sjeba til Efraims fjelland. Han fekk dei til å venda attende til Herren, deira fedrars Gud.

5. Han innsette dommarar i landet, i alle festningsbyane i Juda, by for by.

6. Og han sa til dommarane: «Akta vel på kva de gjer! Det er ikkje for menneske de dømmer, men for Herren. Han er med dykk når de feller dom.

7. Lat no frykt for Herren vera over dykk! Pass på kva de gjer, for hos Herren vår Gud finst det ingen urett. Han gjer ikkje skil på folk og lèt seg ikkje kjøpa.»

8. I Jerusalem òg sette Josjafat nokre av levittane og prestane og nokre av leiarane for familiane i Israel til å dømma på Herrens vegner og til å avgjera saker mellom innbyggjarane i Jerusalem.

Les hele kapitlet 2. Krønikebok 19