Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Krønikebok 16:9-14 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

9. For Herrens auge fer over heile jorda, så han kan styrkja dei som heilhjarta held seg til han. Denne gongen har du bore deg uvitug åt; frå no av skal du støtt ha krig.»

10. Då vart Asa sint på sjåaren og sette han i arrest; så arg var han på han for dette. På den tida fór han òg hardt fram mot andre av folket.

11. Det som er å seia om Asa frå først til sist, står skrive i boka om kongane i Juda og Israel.

12. I det trettiniande styringsåret sitt fekk Asa ein sjukdom i føtene, og sjukdomen vart verre og verre. Men heller ikkje då han var sjuk, søkte han Herren, men berre legane.

13. Så gjekk Asa til kvile hos fedrane sine. Han døydde i det førtiførste styringsåret sitt.

14. Han vart gravlagd i den grava som han hadde late hogga ut for seg i Davidsbyen. Dei la han på ei seng fylt med krydra balsam og ymse salveblandingar. Så kveikte dei eit veldig bål til ære for han.

Les hele kapitlet 2. Krønikebok 16