Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Krønikebok 15:9-15 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

9. Så samla han heile Juda og Benjamin og dei innflyttarane frå Efraim, Manasse og Simon som budde mellom dei. For det var mange frå Israel som hadde gått over til Asa då dei såg at Herren hans Gud var med han.

10. I det femtande styringsåret til Asa, i den tredje månaden, samla dei seg i Jerusalem.

11. Den dagen ofra dei til Herren sju hundre oksar og sju tusen sauer av det byttet dei hadde teke med seg.

12. Og dei gjorde ei pakt om at dei skulle søkja Herren, sine fedrars Gud, av heile sitt hjarte og av heile si sjel.

13. Og alle som ikkje søkte Herren, Israels Gud, skulle døy, gammal som ung, mann som kvinne.

14. Med høg røyst svor dei til Herren under jubelrop, til lyden av trompetar og bukkehorn.

15. Heile Juda gledde seg over eiden, for dei hadde svore han av heile sitt hjarte. Dei hadde søkt Herren av all god vilje, og han lét seg finna. Herren gav dei fred på alle kantar.

Les hele kapitlet 2. Krønikebok 15