Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Krønikebok 15:4-10 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

4. Men i si trengsle vende dei om til Herren, Israels Gud. Dei søkte han, og han lét seg finna.

5. På den tida var det ikkje trygt, korkje for den som drog ut eller for den som kom heim. For det var stor uro mellom folk i alle land.

6. Folkeslag vart knust mot folkeslag og by mot by; for Gud uroa dei med allslags trengsler.

7. Men ver sterke og lat ikkje hendene siga! De skal få løn for det de gjer.»

8. Då Asa høyrde desse orda, den profetien som Oded-profeten hadde bore fram, gjorde han seg sterk og fekk fjerna alle dei motbydelege gudane frå heile Juda og Benjamin og frå dei byane han hadde teke i Efraims fjelland. Og han vigsla på nytt Herrens altar, det som stod framfor forhallen i Herrens hus.

9. Så samla han heile Juda og Benjamin og dei innflyttarane frå Efraim, Manasse og Simon som budde mellom dei. For det var mange frå Israel som hadde gått over til Asa då dei såg at Herren hans Gud var med han.

10. I det femtande styringsåret til Asa, i den tredje månaden, samla dei seg i Jerusalem.

Les hele kapitlet 2. Krønikebok 15