Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Krønikebok 13:5-16 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

5. De veit då at Herren, Israels Gud, gav kongsmakta over Israel til David og etterkomarane hans til evig tid gjennom ei saltpakt.

6. Men Jeroboam, son til Nebat, som stod i teneste hos Salomo, Davids son, reiste seg mot herren sin og gjorde opprør.

7. Simple og vondsinna menn samla seg om han. Dei sette seg opp mot Rehabeam, son til Salomo. Og Rehabeam var ung og veik og kunne ikkje stå imot dei.

8. Og no tenkjer de at de kan stå imot Herrens kongsmakt, som er i hendene på etterkomarane til David, fordi de er så mange og har med dykk dei gullkalvane som Jeroboam fekk laga til gudar for dykk.

9. Men de har drive bort Herrens prestar, Aron-sønene, og levittane, og de har sett inn eigne prestar, slik som folka i landa omkring. Kvar den som kjem med ein ung okse og sju vêrar og vil få prestevigsle, han blir prest for desse ikkje-gudane.

10. Men vår Gud er Herren, og vi har ikkje forlate han. Dei prestane som tener Herren, er etterkomarar av Aron, og levittane gjer si teneste.

11. Kvar morgon og kvar kveld ber dei fram brennoffer for Herren og velluktande røykjelse, og dei legg fram brød på det reine bordet. Og kvar kveld kveikjer dei lampene på gull-lysestaken. For vi held pliktene våre mot Herren vår Gud; men de har forlate han.

12. Sjå, Gud er med oss, han går i spissen, og prestane hans blæs i trompetane og gjev krigssignalet mot dykk. Israelittar, strid ikkje mot Herren, dykkar fedrars Gud! For de kjem ikkje til å lukkast.

13. Imedan hadde Jeroboam late ein styrke gå rundt for å falla judearane i ryggen. Slik fekk judearane hæren framfor seg og bakhaldsstyrken i ryggen.

14. Då judearane snudde seg og fekk sjå at dei var utsette for åtak både framanfrå og bakanfrå, ropa dei til Herren, medan prestane bles i trompetane.

15. Så sette judearane i krigsropet. Då judearane ropa, lét Gud Jeroboam og heile Israel lida nederlag for Abia og judearane.

16. Israelittane rømde for judearane, og Gud gav dei over i deira hender.

Les hele kapitlet 2. Krønikebok 13