Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Krønikebok 11:6-21 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

6. Såleis bygde han Betlehem, Etam og Tekoa,

7. Bet-Sur, Soko og Adullam,

8. Gat, Maresja og Sif,

9. Adorajim, Lakisj og Aseka,

10. Sora, Ajjalon og Hebron. Desse festningsbyane låg i Juda og Benjamin.

11. Han gjorde festningane sterke, sette inn kommandantar og gav dei lager med mat, olje og vin.

12. Kvar einskild by utstyrte han med skjold og spyd. Slik gjorde han dei svært sterke. Juda og Benjamin høyrde han til.

13. Prestane og levittane i heile Israel kom frå alle kantar av landet og steig fram for Rehabeam.

14. Levittane forlét beitemark og eigedom og drog til Juda og Jerusalem fordi Jeroboam og sønene hans hindra dei i å gjera presteteneste for Herren.

15. Han sette inn andre prestar på offerhaugane, for bukkane og kalvane som han hadde laga.

16. Med prestane og levittane følgde alle dei som hadde lagt seg på hjartet å søkja Israels Gud. Frå alle Israel-stammane kom dei til Jerusalem for å ofra til Herren, sine fedrars Gud.

17. Dei styrkte kongedømet i Juda og sikra makta for Rehabeam, son til Salomo, i tre år. For i tre år følgde dei vegane til David og Salomo.

18. Rehabeam tok Mahalat til kone. Ho var dotter til Jerimot, son til David, og Abihajil, dotter til Eliab, son til Isai.

19. Ho fødde han sønene Je'usj, Sjemarja og Saham.

20. Sidan tok han Maaka, dotter til Absalom, til kone. Ho fødde han Abia, Attai, Sisa og Sjelomit.

21. Rehabeam heldt meir av Maaka, dotter til Absalom, enn av alle dei andre konene og følgjekonene sine. I alt hadde han atten koner og seksti følgjekoner. Og han fekk tjueåtte søner og seksti døtrer.

Les hele kapitlet 2. Krønikebok 11