Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Krønikebok 11:1-10 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Så snart Rehabeam var komen til Jerusalem, samla han Judas og Benjamins hus, hundre og åtti tusen utvalde krigarar. Dei skulle strida mot Israel og vinna kongsmakta tilbake for Rehabeam.

2. Då kom Herrens ord til gudsmannen Sjemaja:

3. «Sei til Juda-kongen Rehabeam, son til Salomo, og til alle israelittane i Juda og Benjamin:

4. Så seier Herren: De skal ikkje fara opp og strida mot brørne dykkar. Far heim att, kvar til sitt hus! For det som har hendt, er kome frå meg.» Då lydde dei Herrens ord; dei snudde og gjekk ikkje mot Jeroboam.

5. Rehabeam vart buande i Jerusalem, og han bygde ut nokre byar i Juda til festningsbyar.

6. Såleis bygde han Betlehem, Etam og Tekoa,

7. Bet-Sur, Soko og Adullam,

8. Gat, Maresja og Sif,

9. Adorajim, Lakisj og Aseka,

10. Sora, Ajjalon og Hebron. Desse festningsbyane låg i Juda og Benjamin.

Les hele kapitlet 2. Krønikebok 11