Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Krønikebok 10:4-9 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

4. «Far din la eit tungt åk på oss. Men no må du letta det harde arbeidet og det tunge åket som far din la på oss, så skal vi tena deg.»

5. Men han svara dei: «Kom hit att til meg om tre dagar!» Og folket gjekk sin veg.

6. Kong Rehabeam samrådde seg først med dei gamle, dei som hadde gjort teneste hos Salomo, far hans, medan han levde. Han spurde: «Kva rår de meg til å svara dette folket?»

7. Dei svara: «Om du vil vera god mot dette folket og gjera dei til viljes og svara dei med venlege ord, då kjem dei til å tena deg alle dine dagar.»

8. Men Rehabeam vraka rådet dei gamle gav han. Han spurde dei unge til råds, dei som hadde vakse opp saman med han, og som no gjorde teneste hos han.

9. «Kva rår de oss til å svara dette folket?» spurde han. «Dei har bede meg letta det åket far min la på dei.»

Les hele kapitlet 2. Krønikebok 10