Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Krønikebok 10:2-6 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

2. Dette fekk Jeroboam, son til Nebat, høyra. Han var då i Egypt. Dit hadde han rømt for kong Salomo, men no kom han att derifrå.

3. No sende dei bod etter Jeroboam. Og så kom han og heile Israel til Rehabeam og sa:

4. «Far din la eit tungt åk på oss. Men no må du letta det harde arbeidet og det tunge åket som far din la på oss, så skal vi tena deg.»

5. Men han svara dei: «Kom hit att til meg om tre dagar!» Og folket gjekk sin veg.

6. Kong Rehabeam samrådde seg først med dei gamle, dei som hadde gjort teneste hos Salomo, far hans, medan han levde. Han spurde: «Kva rår de meg til å svara dette folket?»

Les hele kapitlet 2. Krønikebok 10