Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Krønikebok 1:3-12 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

3. Så drog Salomo og heile forsamlinga med han til offerhaugen i Gibeon. For der stod Guds teltheilagdom, som Moses, Herrens tenar, hadde laga i ørkenen.

4. Men Guds paktkiste hadde David ført opp frå Kirjat-Jearim til den staden han hadde stelt til for henne. For David hadde reist eit telt for henne i Jerusalem.

5. Bronsealtaret som Besalel, son til Uri, son til Hur, hadde laga, stod i Gibeon framfor Herrens bustad. Dit søkte Salomo og forsamlinga.

6. Og der, på bronsealtaret som høyrde teltheilagdomen til, ofra Salomo til Herren; tusen brennoffer bar han fram på det.

7. Same natta synte Gud seg for Salomo og sa til han: «Bed om kva du vil. Eg skal gje deg det!»

8. Salomo svara Gud: «Du har vist stor miskunn mot David, far min, og gjort meg til konge etter han.

9. Herre, min Gud, lat no ordet ditt til David, far min, bli stadfest! Du har gjort meg til konge over eit folk like talrikt som støvet på jorda.

10. Gjev meg no visdom og vit så eg kan vera førar og leiar for dette folket. For kven kunne elles styra dette folket ditt, så stort som det er?»

11. Då sa Gud til Salomo: «Sidan det var dette som låg deg på hjartet, og du ikkje bad om rikdom, gods og ære, ikkje om død over fiendane dine eller om eit langt liv, men bad om visdom og forstand så du kan styra folket mitt som eg har sett deg til konge over,

12. så skal du få visdom og vit. Men eg vil òg gje deg så mykje rikdom, formue og ære som ingen av kongane før deg har hatt og ingen etter deg kjem til å få.»

Les hele kapitlet 2. Krønikebok 1