Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Krønikebok 1:11-16 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

11. Då sa Gud til Salomo: «Sidan det var dette som låg deg på hjartet, og du ikkje bad om rikdom, gods og ære, ikkje om død over fiendane dine eller om eit langt liv, men bad om visdom og forstand så du kan styra folket mitt som eg har sett deg til konge over,

12. så skal du få visdom og vit. Men eg vil òg gje deg så mykje rikdom, formue og ære som ingen av kongane før deg har hatt og ingen etter deg kjem til å få.»

13. Så fór Salomo frå offerhaugen i Gibeon, bort frå teltheilagdomen og heim til Jerusalem. Og han styrte som konge i Israel.

14. Salomo samla vogner og hestar. Han hadde fjorten hundre vogner og tolv tusen hestar. Han plasserte dei i vognbyane og hos seg sjølv i Jerusalem.

15. Kongen gjorde sølv og gull like vanleg i Jerusalem som stein, og sedertre like vanleg som morbærtre i låglandet.

16. Hestane sine fekk Salomo frå Egypt og frå Kue. Kjøpmennene hans henta dei i Kue mot betaling.

Les hele kapitlet 2. Krønikebok 1