Då vaktmannen som stod oppi tårnet i Jisreel, fekk sjå Jehu koma med flokken sin, ropa han: «Eg ser ein heil flokk!» Joram svara: «Få tak i ein ryttar og send han for å møta dei; han skal spørja om dei kjem i fredeleg ærend.»