Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Kongebok 8:5-17 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

5. Og medan han fortalde kongen korleis profeten hadde vekt den døde guten til live, kom mor til guten. Ho trygla kongen om å få att huset sitt og jorda si. Då sa Gehasi: «Herre konge, dette er kvinna, og dette er son hennar, som Elisja vekte opp.»

6. Kongen spurde kona ut, og ho fortalde. Så sende han henne ein av hoffmennene sine og sa: «Syt for at ho får att alt det som høyrer henne til, og alt som er hausta på jorda hennar frå den dagen ho fór frå landet og til no.»

7. Ein gong kom Elisja til Damaskus medan Ben-Hadad, aramearkongen, låg sjuk. Då det vart meldt kongen at gudsmannen var komen,

8. sa han til Hasael: «Ta med deg ei gåve og gå og møt gudsmannen! Gjennom han skal du spørja Herren om eg kjem til å overleva denne sjukdomen!»

9. Hasael gjekk til møtes med Elisja og hadde med seg ei gåve av det beste som fanst i Damaskus, så mykje som førti kamelar kunne bera.Då han steig fram for profeten, sa han: «Son din, aramearkongen Ben-Hadad, har sendt meg til deg for å spørja om han kjem til å overleva den sjukdomen han har.»

10. Elisja svara: «Gå og sei til kongen: Du skal få leva! Men Herren har late meg sjå at han skal døy.»

11. Gudsmannen stirte framfor seg. Andletet stivna. Og så brast han i gråt.

12. «Kvifor græt du, min herre?» spurde Hasael. Elisja svara: «Fordi eg veit at du vil gjera vondt mot israelittane. Du vil setja eld på festningsbyane deira, drepa dei unge mennene deira med sverd, knusa småborna deira og skjera opp kvinner som er med barn.»

13. Hasael sa: «Korleis skulle tenaren din, ein hund som eg, gjera så store ting?» Elisja svara: «Herren har late meg sjå deg som konge over aramearane.»

14. Så skildest Hasael frå Elisja og gjekk heim til herren sin. «Kva sa Elisja til deg?» spurde kongen. Hasael svara: «Han sa at du kjem til å overleva.»

15. Men dagen etter tok Hasael eit klede, dyppa det i vatn og pressa det mot andletet til kongen, og han døydde. Og Hasael vart konge etter han.

16. I det femte året Joram, son til Ahab, var konge i Israel, vart Joram, son til Josjafat, konge i Juda medan far hans endå styrte der.

17. Joram var trettito år gammal då han vart konge, og han styrte i Jerusalem i åtte år.

Les hele kapitlet 2. Kongebok 8