Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Kongebok 8:2-6 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

2. Kvinna braut opp og gjorde som gudsmannen sa: Ho drog av stad med heile sitt hus, og i sju år budde ho i filistarlandet.

3. Då sju år var gått, kom kvinna tilbake frå filistarlandet. Ho gjekk til kongen og trygla om å få att huset sitt og jorda si.

4. Kongen tala nett med Gehasi, tenaren til gudsmannen, og bad han fortelja om alt det store Elisja hadde gjort.

5. Og medan han fortalde kongen korleis profeten hadde vekt den døde guten til live, kom mor til guten. Ho trygla kongen om å få att huset sitt og jorda si. Då sa Gehasi: «Herre konge, dette er kvinna, og dette er son hennar, som Elisja vekte opp.»

6. Kongen spurde kona ut, og ho fortalde. Så sende han henne ein av hoffmennene sine og sa: «Syt for at ho får att alt det som høyrer henne til, og alt som er hausta på jorda hennar frå den dagen ho fór frå landet og til no.»

Les hele kapitlet 2. Kongebok 8