Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Kongebok 8:19-29 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

19. Men for sin tenar Davids skuld ville Herren ikkje øydeleggja Juda, for han hadde lova David at ei lampe alltid skulle lysa for etterkomarane hans.

20. I Jorams tid gjorde Edom opprør mot Juda og tok seg ein konge.

21. Då rykte Joram ut mot Sa'ir med alle stridsvognene sine. Han braut opp om natta og slo edomittane, som hadde omringa han og kommandantane for stridsvognene. Men folket flykta til telta sine.

22. Etter opprøret har Edom vore skilt frå Juda til denne dag. På same tid gjorde Libna opprør.

23. Det som elles er å seia om Joram og alt det han gjorde, står skrive i krønikeboka til Juda-kongane.

24. Så gjekk Joram til kvile hos fedrane sine, og han vart gravlagd hos dei i Davidsbyen. Son hans, Ahasja, vart konge etter han.

25. I det tolvte året Joram, son til Ahab, var konge i Israel, vart Ahasja, son til Joram, konge i Juda.

26. Ahasja var tjueto år gammal då han vart konge, og han styrte i Jerusalem i eitt år. Mor hans heitte Atalja og var dotter til Israels-kongen Omri.

27. I si ferd var Ahasja som kongane av Ahabs hus. Liksom dei gjorde han det som vondt var i Herrens auge, for han var knytt til Ahab-ætta ved giftarmål.

28. Saman med Joram, son til Ahab, gjekk Ahasja til krig mot aramearkongen Hasael ved Ramot i Gilead. Men Joram vart såra av aramearane.

29. Då vende kong Joram attende til Jisreel for å få lækt dei såra som aramearane hadde gjeve han ved Rama i kampen med kong Hasael. Og Juda-kongen Ahasja, son til Joram, drog ned til Jisreel og ville sjå til Joram, Ahabs son, medan han låg sjuk.

Les hele kapitlet 2. Kongebok 8