Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Kongebok 8:10-20 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

10. Elisja svara: «Gå og sei til kongen: Du skal få leva! Men Herren har late meg sjå at han skal døy.»

11. Gudsmannen stirte framfor seg. Andletet stivna. Og så brast han i gråt.

12. «Kvifor græt du, min herre?» spurde Hasael. Elisja svara: «Fordi eg veit at du vil gjera vondt mot israelittane. Du vil setja eld på festningsbyane deira, drepa dei unge mennene deira med sverd, knusa småborna deira og skjera opp kvinner som er med barn.»

13. Hasael sa: «Korleis skulle tenaren din, ein hund som eg, gjera så store ting?» Elisja svara: «Herren har late meg sjå deg som konge over aramearane.»

14. Så skildest Hasael frå Elisja og gjekk heim til herren sin. «Kva sa Elisja til deg?» spurde kongen. Hasael svara: «Han sa at du kjem til å overleva.»

15. Men dagen etter tok Hasael eit klede, dyppa det i vatn og pressa det mot andletet til kongen, og han døydde. Og Hasael vart konge etter han.

16. I det femte året Joram, son til Ahab, var konge i Israel, vart Joram, son til Josjafat, konge i Juda medan far hans endå styrte der.

17. Joram var trettito år gammal då han vart konge, og han styrte i Jerusalem i åtte år.

18. I si ferd var han som dei andre kongane i Israel. Han levde slik som Ahabs hus hadde gjort, for han var gift med ei dotter til Ahab. Og han gjorde det som vondt var i Herrens auge.

19. Men for sin tenar Davids skuld ville Herren ikkje øydeleggja Juda, for han hadde lova David at ei lampe alltid skulle lysa for etterkomarane hans.

20. I Jorams tid gjorde Edom opprør mot Juda og tok seg ein konge.

Les hele kapitlet 2. Kongebok 8