Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Kongebok 7:7-14 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

7. Så braut dei opp og flykta i skumringa. Dei lét etter seg telta, hestane og esla sine, heile leiren slik han låg, og flykta for å berga livet.

8. Då desse mennene med hudsjukdom kom til utkanten av leiren, gjekk dei inn i eit telt, der dei åt og drakk. Dei tok med seg sølv, gull og klede og gjekk bort og gøymde det. Så kom dei att og gjekk inn i eit anna telt. Dei tok med seg det som var der òg, og gjekk bort og gøymde det.

9. Men så sa dei til kvarandre: «Det er ikkje rett, det vi no gjer. Dette er dagen for gode nyhende. Teier vi og ventar til det lysnar i morgon, fører vi skuld over oss. Kom, lat oss gå og fortelja dette i kongeborga!»

10. Så gjekk dei og ropa på vakta i byporten. «Vi kom til aramearleiren», fortalde dei, «og der var det ingen å sjå og ingen å høyra. Men hestane og esla stod bundne, og telta var som dei plar vera.»

11. Portvaktene ropa dette vidare, og det vart meldt i kongeborga.

12. Kongen stod opp midt på natta og sa til mennene sine: «Eg vil fortelja dykk kva aramearane har gjort mot oss. Dei veit at vi svelt. Difor har dei teke av stad frå leiren og gøymt seg ute på marka. Dei tenkjer som så: Når israelittane går ut av byen, tek vi dei levande, og så kan vi trengja inn i byen.»

13. Men ein av mennene til kongen svara: «Lat nokon ta fem av dei hestane som enno er att i byen. Vi sender dei av stad, så får vi sjå. Det kan ikkje gå dei verre enn alle israelittane som er att i byen, eller alle israelittane som har sett livet til.»

14. Så henta dei to ryttarar, og kongen sende dei ut etter aramearhæren. «Ri i veg og sjå etter», sa han.

Les hele kapitlet 2. Kongebok 7