Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Kongebok 7:3-12 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

3. No sat det ved byporten fire menn som leid av hudsjukdom. Dei sa til kvarandre: «Kvifor skal vi bli sitjande her til vi døyr?

4. Seier vi at vi vil gå inn i byen, kjem vi til å døy. For der er det hungersnaud. Blir vi sitjande her, kjem vi òg til å døy. Kom, no går vi over til leiren til aramearane! Lèt dei oss leva, bergar vi livet; og drep dei oss, må vi døy.»

5. I skumringa braut dei opp og gjekk til aramearleiren. Men då dei kom til utkanten av leiren, fanst det ikkje eit menneske der.

6. Herren hadde late aramearane få høyra larmen av vogner og hestar, larmen av ein stor hær. Då sa dei til kvarandre: «Du skal sjå at Israels konge har leigd hetittkongane og egyptarkongane for å overfalla oss!»

7. Så braut dei opp og flykta i skumringa. Dei lét etter seg telta, hestane og esla sine, heile leiren slik han låg, og flykta for å berga livet.

8. Då desse mennene med hudsjukdom kom til utkanten av leiren, gjekk dei inn i eit telt, der dei åt og drakk. Dei tok med seg sølv, gull og klede og gjekk bort og gøymde det. Så kom dei att og gjekk inn i eit anna telt. Dei tok med seg det som var der òg, og gjekk bort og gøymde det.

9. Men så sa dei til kvarandre: «Det er ikkje rett, det vi no gjer. Dette er dagen for gode nyhende. Teier vi og ventar til det lysnar i morgon, fører vi skuld over oss. Kom, lat oss gå og fortelja dette i kongeborga!»

10. Så gjekk dei og ropa på vakta i byporten. «Vi kom til aramearleiren», fortalde dei, «og der var det ingen å sjå og ingen å høyra. Men hestane og esla stod bundne, og telta var som dei plar vera.»

11. Portvaktene ropa dette vidare, og det vart meldt i kongeborga.

12. Kongen stod opp midt på natta og sa til mennene sine: «Eg vil fortelja dykk kva aramearane har gjort mot oss. Dei veit at vi svelt. Difor har dei teke av stad frå leiren og gøymt seg ute på marka. Dei tenkjer som så: Når israelittane går ut av byen, tek vi dei levande, og så kan vi trengja inn i byen.»

Les hele kapitlet 2. Kongebok 7