Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Kongebok 7:11-20 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

11. Portvaktene ropa dette vidare, og det vart meldt i kongeborga.

12. Kongen stod opp midt på natta og sa til mennene sine: «Eg vil fortelja dykk kva aramearane har gjort mot oss. Dei veit at vi svelt. Difor har dei teke av stad frå leiren og gøymt seg ute på marka. Dei tenkjer som så: Når israelittane går ut av byen, tek vi dei levande, og så kan vi trengja inn i byen.»

13. Men ein av mennene til kongen svara: «Lat nokon ta fem av dei hestane som enno er att i byen. Vi sender dei av stad, så får vi sjå. Det kan ikkje gå dei verre enn alle israelittane som er att i byen, eller alle israelittane som har sett livet til.»

14. Så henta dei to ryttarar, og kongen sende dei ut etter aramearhæren. «Ri i veg og sjå etter», sa han.

15. Dei følgde etter aramearane heilt til Jordan, og heile vegen låg det fullt av klede og anna utstyr som aramearane hadde kasta frå seg då dei flykta. Sendeboda kom att og melde dette til kongen.

16. Då drog folket ut og plyndra aramearleiren. Og det gjekk som Herren hadde sagt: Ein sea fint mjøl vart seld for ein sjekel og to sea byggmjøl for ein sjekel.

17. Kongen hadde sett våpenberaren som var hans beste støtte, til å ha oppsyn med byporten. Men folket trakka han i hel i porten. Det gjekk som gudsmannen hadde sagt den gongen kongen kom til han.

18. Då sa han jo til kongen: «I morgon på denne tid ved byporten i Samaria skal to sea byggmjøl seljast for ein sjekel og ein sea fint mjøl seljast for ein sjekel.»

19. Då tok kongens våpenberar til orde og sa til gudsmannen: «Om så Herren laga luker i himmelen, kunne ikkje slikt henda!» Men gudsmannen svara: «Du skal få sjå det med eigne auge, men du får ikkje eta av mjølet.»

20. Og slik gjekk det altså med han. Folkemengda trampa han i hel i byporten.

Les hele kapitlet 2. Kongebok 7